FAU

 

 

VEDTEKTER

FAU Ringstad skule

 

 

§ 1 FORMÅL

 

  • Fremje fellesinteressene til foreldra ved mellom anna deltaking i skulen sitt samarbeidsutval (SU).
  • Medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø
  • Arbeide for å skape godt samhald mellom heim og skole
  • Leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

§ 2 VALORDNING OG SAMANSETJING

 

Alle foreldre som har barn på Ringstad skule er medlemar av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU).

§ 2.1

FAU skal vere samansatt av ein representant frå alle klassene frå 1.-7. klasse.

Val skjer klassevis på starten av skuleåret. Klassekontaktene vert vald for to år untatt i 1. klasse der klassekontaktene vert vald for 1 år.. Det vert vald to klassekontakter, den eine møter fast i FAU for heile valperioden. Den klassekontakten som ikkje møter fast i FAU er vararepresentant til FAU og har den primære funksjon som klassekontakt.

Vararepresentantar kan møte på FAU møte når dei ynskjer men har ikkje stemmerett dersom den faste representanten er til stades.

 

§ 2.2

FAU konstituerer seg sjølv.

Fylgjande skal veljast:

  • Leiar
  • Sekretær, fungerer i tillegg som nestleiar
  • Kasserar

 

Leiaren og nestleiaren er FAU sine representantar i SU, til desse skal FAU velje personlege vararepresentantar.

 

§ 3 MØTE- OG ARBEIDSRUTINER

Det skal utarbeidast ein møteplan for FAU tidleg i skuleåret. Forfall til møte skal meldast til leiar slik at vararepr. kan kallast inn.

Møteplanen bør samordnast med rektor, klassekontakter, klassestyrar og elevråd. Dette for å få ein samanheng mellom møte i SU, elevrådet og klasseforeldremøte og også mot skuleruta.

FAU skal vidare delast inn i ulike arbeidsgrupper som arbeider med:

  • Trafikktryggleik
  • Trivsel og miljø
  • Mot andre organ på skulen (SU, elevråd, klassekontakter, administrasjon) og event. kommunen

Gruppene vert etablert på første møtet i skuleåret.

Retningslinjer for klassekontakter og FAU skal utarbeidast, det er FAU sitt ansvar å ajourhalde desse.

Det skal utarbeidast ein årsrapport som skal vise status på den aktivitet som FAU har hatt gjennom skuleåret. Årsrapporten skal også gi ein oversikt over prosjekt/oppgåver som skal overførast til neste skuleår.

§ 4 ØKONOMI

FAU medlemar skal ikkje ha utgifter i samband med verv i skulen. Det er skulen sitt ansvar at FAU har økonomi til ordinære driftsutgifter som, porto, kopiering telefonar.

 

 

§ 5 ÅRSMØTE

Årsmøte vert halde etter behov.

§ 6 VEDTEKTSENDRINGAR

Alle foreldre skal ha høve til å uttale seg om vedtektene. Endringar kan heller ikkje gjerast før alle har hatt høve til å kome med merknader. Vedtektene/vedtektsendringane vedtakast i FAU med 2/3 fleirtal av dei frammøtte.

 

 

 

 

 

§ 7 TEIEPLIKT

Alle medlemar av FAU og klassekontakter må halde seg til Forvaltningslova § 13 som omtalar teieplikt. Teieplikt i skulesamanheng gjeld personlege tilhøve.

Teieplikta omfattar såleis opplysningar om både elevar, foreldre, tilsette på skulen samt familiane til desse.

Nettadresse: