"Firkløveren" skulefritidsordning.

 

                       

Skulefritidsordninga er eit frivillig tilbod for barn i 1.-4.klasse, og barn frå 1.-7.klasse med særlege behov. I tillegg til tilsyn, får barna her oppleve viktig sosial læring og etablering av vennskap. Skulefritidsordninga legg til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hos barna. Men det er også viktig å understreke at dette skal vere barna si eiga fritid, og såleis vil mange av aktivitetane vere frie og sjølvvalgte. 1.klassingane held dette året til i det gamle "6-års-bygget", medan 2.klassingane held til i  storskuleskulebygget og 3.klassingane og 4.klassingane finn vi på SFO-basen og det nye småskulebygget. Sjå link til haustens foreldremøte i margen ! 

 Abonner på nyhende

Kjempetre måtte fellast.

Kjempetre måtte fellast. Ei stor og gammal edelgran på uteområdet til skulen hadde teke til å tørke inn, og ein var redd for at treet skulle dette overende . Josten Dalen fekk så i oppgåve å felle treet, og borna i SFO fekk sjå på då treet vart saga ned. Treet var over ein meter i diameter og 18 meter høgt, og var om lag 80 år gammalt.
 
 

Leik og trivsel på SFO.

Leik og trivsel på SFO. Borna på SFO er flinke til å leike seg.
 

SFO lagar bilar.

SFO lagar bilar. Nyleg var SFO i 2.klasse ein tur på sløyden for å lage bilar.