Beyblade - konkurranse på SFO.

Beyblade - konkurranse på SFO.
Beyblade er som ei moderne form for den gamledagse snurrabassen, og Beyblade har vorte ein populær aktivitet både på skule og SFO.
Beyblades har vorte ein kjærkomen aktivitet ute, for ein vinter med mykje is har gjort uteleiken på skuleplassen vanskeleg, og då er det fint å ha nokre alternative aktiviteter å halde på med, når ein til dømes ikkje kan lage fin snømann av god snø. Det beste er om ein kan konkurrere med Beyblades på eit flatt underlag, helst skal det vere rundt og avgrensa med kantar, der fleire Beyblades kan spinne rundt, og så sjå kva for ein som går lengst. Og borna vi trefte på SFO hadde det i alle høve svært morsamt med denne aktiviteten.