Førjulstid på SFO.

Førjulstid på SFO.
Som for dei fleste andre, er også førjulstida for elevane på SFO ei triveleg tid.
Då er det mykje som skal lagast til jul, og elevane synest at det er kjekt å kunne få  lage ulike ting som dei kan gje vekk i julegåve. Vi såg mellom anna fine konglenissar med ski laga av ispinnar, og stavar av blomsterpinnar, og flotte var dei. Nokre av elevane har også fått lage fine, kvite forklede dekorert med nydelege raude hjarte, og på veggen heng ein stor nisse med gåvesekk og nokre hadde laga fine hjarte som truleg kan fyllast med noko mjukt for å brukast til nålepute, eller dei kan hengast opp til pynt.
Så no er SFO allereie komne godt igong med juleførebuinga, og adventskalenderen er også klar til bruk, og då kan endeleg nedteljinga til den store høgtida ta til.