I venstremargen finn du lenker til eindel info som gjeld skulen og som er av interesse for dei som er involvert i skulesamfunnet.
Lenkene inneheld ei rekkje praktiske opplysningar som kan vere til nytte gjennom skuleåret. Skulen vil likevel leggje vekt på å halde heimen orientert og søkje samarbeid gjennom infoskriv, foreldremøte, kontaktmøte og rapportar. I tillegg kan klassekontaktane spele ei aktiv rolle både gjennom FAU/samarbeidsutval og som einskildpersonar i samarbeid med kontaktlærar.
Vi som arbeider i skulen har fleire mål for skuleåret som kjem. Vi nemner følgjande:
- Vidareutvikle opplegget kring lese- skriveopplæringa
- Betre/utvikle arbeidsplanar og arbeidsplanarbeid
- Halde fokus på praktiske aktivitetar og elevdeltaking i undervisninga.
- Arbeide med pedagogisk plattform og visjon for Liabygda skule.
- Fyssik aktivitet og kosthald
Bruk sidene til å skaffe deg informasjon og kunnskap om Liabygda skule.
Med vennleg helsing
Pål Bjørn Øvrebust, rektor