Dataopplæringa

Målsetjingar for dataopplæring – bruk av data i heim/skule samarbeid

 

PedIT

 

Mål for heim/skule samarbeid:

v     Arbeidsplanar og halvårsplanar vert lagt ut på PedIT, på klassestega sine sider

v     Planar og informasjon for heile skulen vert lagt ut på skulen si forside

v     Ha eit samarbeidsrom som ein kallar foreldrerommet på skulen si forside. Her har ein eit forum der foreldra komme med gode idear/ forslag knytta til skulen

v     På forelderen sin personleg side skal det ligge ei kontaktbok der foreldra og lærarane kan gi meldingar til kvarandre.

 

1.    – 4. klasse

 

Mål: sjå  s. 6 i plan for IKT-undervising – spesifikke læringsmål

 

Metode/innhald:

 

Gjennomføre opplæringa som kurs med intensiv opplæring og mange repitisjonar – kursbevis vert gitt som eit sertifikat på at ein kan arbeide sjølvstendig på data.

 

v     1. klasse: Bli kjend med datamaskina: tastaturet, skrivebordet, opne  og avslutte program

v     1. og 2. klasse: PedIt – sjå på bildebok med tekst som dei eldste elevane har laga

v     2. klasse: Bli kjend med mappesystemet

v     2. klasse: Bli kjend med PedIT-skriveverkstad, legge inn paintbilde i skriveverkstad – avis, legge inn bilde

v     2. klasse: Bli kjend med paint: opne og avslutte programmet, lagre, bruke verktøya

v     3. klasse: Bli kjend med word: opne og avslutte programmet, grunnleggjande formatering, lagre

v     3. klasse: PedIT – bruke skriveverkstad til å skrive forteljingar – bruke avis til å setje inn bilde med enkel tekst

v     4. klasse: Bli kjend med word; lære meir om formatering; setje inn utklippsbilde

v     4. klasse: Bli kjend med internett: reglar for bruk av internett, styrt søking

v     4. klasse: PedIT – bruke skriveverkstad til å skrive forteljingar og saktekster (tema) – bruke avis til å lage enkle reportasjer med tekst og bilde

 

I opplæringa av word kan ein bruke eit kurs som ligg på www.linksidene.no

 

 

 

5. – 7. klasse

 

Mål: sjå s. 8 og 9 i plan for IKT-undervising – spesifikke læringsmål

 

Metode/innhald:

 

Gjennomføre opplæringa som kurs med intensiv opplæring og mange repitisjonar – kursbevis vert gitt som eit sertifikat på at ein kan arbeide sjølvstendig på data.

 

v     5. – 7. klasse: Lære seg touch ved bruk av touch-opplæringsprogrammet i Drillpro (kurs-delen) – køyre eit to-vekers intensiv kurs like etter skulestart og like etter jul – ha ein avsluttande test etter kvart kurs.

v     5. klasse: Lære seg å lage mappessystem og vedlikehalde det

v     5. klasse: Word - Lære seg å lage enkle tabellar og formatere dei

v     5. klasse: Word – lære seg å redigere og formatere tekst slik at den tek seg pent ut på sida

v     6. klasse: Word - Lære seg å bruke ordrettingsprogrammet

v     7. klasse: Excel – bli kjend med programmet - lage enkle diagram, sortere tal i stigande og fallande rekkefølgje, lære seg å lage kalender, lære seg å bruke formlar i excel

v     5. - 7. klasse: Power Point – lære seg å bruke programmet til å presentere arbeid

v     5. – 7. klasse: Internett – lære seg å finne informasjon på nettet som er nyttig i undervisinga (legge inn nyttige nettstadar i favoritter, legge inn linkar på PedIT)

v     5. – 7. klasse: PedIT – lære seg å arbeide med avis, lage reportasjer – bruke skriveverkstad til å presentere arbeid i ulike sjangrar – lære seg å bruke forum til å gi respons på skriftleg arbeid – Bruke innlevering til å levere inn skriftleg arbeid med jamne mellomrom – bruke mappesystemet i PedIT til å legge inn arbeid ein held på med

v     7. klasse: PedIT – lage bildebok med bilde og tekst for dei yngste elevane; bruke digitalt kamera til å ta bilde

 

PedIT – organisering: Frå 3. klasse og oppover bør elevane få PedIT-oppgåver med jamne mellomrom (f.eks 2 – vekers mellomrom) – Elevane arbeider med tekstene (innhald og rettskriving) og fører så til slutt arbeidet inn i PedIT

 

Ein kan lage eit kurs for kvart steg og gjennomføre det i byrjinga av skuleåret og så nytte det ein har lært på kurset gjennom skuleåret. Kontaktlærarane på stega har ansvar for kursinnhaldet og gjennomføringa av kursa.

 

    Liabygda skule, 6212 LIABYGDA

    Rektor: Pål Bjørn Øvrebust

    Tlf: 70 26 59 14

    Fax: 70 26 59 13

    E-post: liabygda.skule@stranda.kommune.no