SFO plan

                                                 Plan for Liabygda SFO

Generelt:
Liabygda SFO er ein del av den kommunale skulefritidsordninga i Stranda kommune.
Liabygda SFO er underlagt dei vedtekne kommunale retningsliner for skulefritidsordningane. Rektor er den som har det daglege ansvaret for SFO, og rektor fungerer også som pedagogisk leiar av ordninga.

Samarbeidsutvalet:
Samarbeidsutvalet er SFO sitt styre. SU utarbeider retningsliner for SFO ved skulen. Det bør vere ein forelder i SU som har born på SFO.

Opptak ved Liabygda SFO:

Retningsliner ved opptak:
Ordninga er frivillig og open for born 1. -4. klasse. Etter sakkunnig vurdering kan born i 5. -7. klasse få plass i SFO. Ein skal særskilt ta omsyn til søknader der eit eller fleire av desse punkta er aktuelle, i prioritert rekkjefølgje.

  • barn i 1. klasse
  • barn med funksjonshemming som er tilrådd plass av faginstans
  • barn som må vente på skulen p.g.a. skuleskyss
  • barn med behov for tilsyn fordi føresette er på arbeid eller i utdanning bustadtilhøve eller andre tilhøve i heimen er dårlege for barnet ( t.d. utrygg leikeplass, mangel på leikekameratar o.l. )

Foreldra kan søkje om plass til borna kvar vår. Søknadsfrist er 1.mars. Søknadsskjema får ein på skulen. Opptak for SFO vert handsama av rektor. Opptak kan klagast til kommunal klagenemnd.

Rektor gjer opptaket og sett opp ei prioritert venteliste ved behov. Opplysningar i søknaden blir handsama konfidensielt. Søkjarane får skriftleg melding frå rektor når søknadene er behandla.

 

 

Oppseiing:

Oppseiingstida er gjensidig ein månad. Oppseiingstida på ein månad gjeld og ved reduksjon av timetal. Ved oppseiing etter 1. mars må det betalast for plassen ut skuleåret.

 

Satsar for foreldrebetaling gjeldande frå 01.02.06:

Satsar for foreldrebetaling vert fastsett av kommunestyret.

 

Timar pr veke

Betaling pr mnd.

8

Kr.  780,-

10

Kr.  930,

12

Kr. 1045,

14

Kr. 1185,

16

Kr. 1300,-

18

Kr. 1450,

20

Kr. 1565,-

 

Søskenmoderasjon: Satsane blir redusert med 25 % for 2. barn  og 50% frå og med barn nr. 3. Opphald skal betalast forskotsvis med forfall den 15. i månaden. Ved betaling etter forfall blir det rekna renter. For dei som står til rest med betaling for meir enn 2 månader, vil plassen seiast opp frå kommunen si side med 1 månads varsel.  Dei som ønskjer automatisk trekk frå konto må ta kontakt med banken sin for avtale. Vi tek atterhald om endring av satsane i løpet av skuleåret

Andre moment:

-                     Det er høve til å kjøpe SFO plass. Kjøp av ekstra opphaldstid i samband med skulefri vert sett til  kr. 20,- pr time. Kjøp av tilfeldig opphaldstid utanom skuleferie vert sett til kr. 30,- pr time.

-                     Det er viktig å seie frå i god tid om du tek barnet ut av SFO ein eller fleire dagar siste veka.

-                     Brukarar på Liabygda SFO betalar for 10 mnd. pr år. Dette inkluderar veka etter skuleslutt og veka før skulestart.

-                     Husk å merke klede og anna utstyr med namn.

Forsikring: Borna er omfatta av trygdelova sine bestemmingar om yrkesskade  i den tida dei er på SFO.

 

Opningstider:

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. På dagar der skulen har fri, blir det difor ikkje SFO-tilbod. Det blir også eit utvida tilbod før og etter skulestart haust/vår. Dvs. ei veke før skulestart og ei veke etter skulestart. Desse vekene har ein plass på dei dagane ein har plass til vanleg.

 

Opningstider:

Måndag, tysdag og torsdag: 14.00 – 16.00

Onsdag: 08.30- 16.00 (4.kl. frå 11.00)

Fredag: 13.00 – 16.00

 

Samarbeid:

SFO og Barnehagen samarbeider om uteaktivitetar og friluftsliv t.d. ski, aking og turgåing. Samarbeidet vil opne for større moglegheiter til aktivitet utanom skuleområdet og til å gå på  tur i nærmiljøet. Dette vil gje eit betre og meir variert tilbod til borna.  Det er onsdag og fredag som er aktuelle dagar til tur og samarbeid. Aktuelle tur/ samarbeidsdagar skal i regelen stå på ein 14 dagarsplan, som blir delt ut til heimen annankvar fredag.

 

 

 

Daglege rutinar på SFO

Måltidet: Felles måltid ca 15 min etter skuleslutt, ta med godt med mat og eventuelt drikke. Onsdag kan dei som ønskjer det ete frukost på SFO og det er fellesmåltid kl 12.00.

Leksetid: Det er leksetid frå kl 14.30- 15.00 kvar tysdag og torsdag.

Aktivitetar: fri leik ute og inne, tur, friluftsliv, mat i naturen, kosestund der ein lagar/varmar enkel mat eller drikke, lesestund, gymsal, bibliotek, ski, ake osv.

 

Klede

Borna har; eit skift med undertøy, sokkar, strømpebukse, t-shirt / genser og bukse.
Tøflar eller innesko. Vottar og hue. Regntøy og støvlar.
Dette oppbevarast i hylle/ knagg på SFO.
NB! Alle klede bør / skal merkast.

Leiker: Det er ikkje tillate å ta med leike på SFO.

 

Pedagogikken i SFO

I botnen ligg den pedagogiske plattforma for skulen, men noko omarbeidd.

For å skape eit trygt og godt fritidstilbod for borna, syns vi det er viktig at Liabygda SFO er ein plass der:

-         alle er trygge

-         alle blir godtatt som dei er

-         det er rom for å gjere feil

-         alle får vere med å leike

-         det er glede og humør

-         det er faste og tydlege grenser

-         alle får ros og alle gir ros kvar dag

-         det er fysisk aktivitet for alle kvar dag

-         vi bruker naturen

-         alle hjelper til med å halde orden

-         der vi samarbeider

 

Vi vil at Liabygda SFO skal vere ein plass der heimen og skulen:

-         samarbeider

-         snakkar saman

-         informerer kvarandre og gir beskjeder til kvarandre

 

 

SFO skal altså hjelpe til med at borna får ein trygg og stabil barndom i nært samarbeid med dei føresette og skulen.

 

Det er viktig å ha vaksne som er stabile, konsekvente, tilgjengelige og har tid. Målet vårt er også å gi borna omsorg, tryggheit, grenser og fridom under ansvar.

 

Vi legg vekt på at tida på SFO skal vere borna si fritid. Resten av dagen er ofte fastlagt til skule og ulike fritidsaktivitetar, og vi vil at SFO skal være ein plass der dei til ein viss grad sjølv kan bestemme kva dei vil gjere innanfor gitte rammer.  

 

 

Liabygda skule, 3. februar 2006

 

Pål Bjørn Øvrebust, rektor                                

 

 

    Liabygda skule, 6212 LIABYGDA

    Rektor: Pål Bjørn Øvrebust

    Tlf: 70 26 59 14

    Fax: 70 26 59 13

    E-post: liabygda.skule@stranda.kommune.no