Elevrådet med julemannkafe.
Tradisjonen tru er førjulstida på Ringstad skule også prega av aktivitetar som høyrer denne tida til.
På sløydsalen vert julenisser laga , og frå klasseromma kan ein høyre dei kjende og kjære julesongane medan mange av elevane er opptekne med å lage den finaste julepynt. På skulekjøkkenet finn vi elevrådet ved Ringstad skule i full sving med å bake "julemanna" , som dei skal selje til inntekt for Lola Day Care Center sitt hjelpearbeid på Filippinene. Flott innsats for ei god sak i førjulstida !
Skrive/endra av
Bjørn Helge.