Aktivitetsdagar på Ringstad skule.

Aktivitetsdagar på Ringstad skule.
Mai og juni er tradisjonelt ei tid med mykje ekstra uteaktivitet for skulane, og slik også på Ringstad skule.

No er det tid for fjøreekskursjonar og tur i skog og mark for å artsbestemme blomster og høyre på den fine fuglesongen. Elles er det tid for dei vanlege aktivitetsdagane som før gjerne også vart kalla idrettsdagar, men i seinare år har dei fått nytt innhald med fleire nye og varierte aktivitetar. Ein tradisjonell aktivitet som framleis står på programmet , er lengdehopp. Etter å ha fått instruksjon om å ha god fart i tilløpet og treffe god planke med kraftig sats, og med formaningar om å strekkje begge beina godt fram  for å få god flyt gjennom lufta, så svevar ein etter ein med fin stil til stadig lengre hopp og nye personlege rekordar !

Fint å sjå ekte idrettsleg glede !


Strandaveret