Mai og juni er tradisjonelt ei tid med mykje ekstra uteaktivitet for skulane, og slik også på Ringstad skule.
No er det tid for fjøreekskursjonar og tur i skog og mark for å artsbestemme blomster og høyre på den fine fuglesongen. Elles er det tid for dei vanlege aktivitetsdagane som før gjerne også vart kalla idrettsdagar, men i seinare år har dei fått nytt innhald med fleire nye og varierte aktivitetar. Ein tradisjonell aktivitet som framleis står på programmet , er lengdehopp. Etter å ha fått instruksjon om å ha god fart i tilløpet og treffe god planke med kraftig sats, og med formaningar om å strekkje begge beina godt fram for å få god flyt gjennom lufta, så svevar ein etter ein med fin stil til stadig lengre hopp og nye personlege rekordar !
Fint å sjå ekte idrettsleg glede !