Hurra for 17.mai !

Hurra for 17.mai !
Nyleg var det marsjtrening på Ringstad skule i høve 17.mai .

Denne gongen var det marsjtrening saman med skulekorpset, og til tonar av feiande marsjar gjekk elevane på tre rekkjer i fin takt. Kvar klasse har nydelege klassefaner med flotte motiv, og med kvar sine strofer frå fine vårsongar som "Den første løvetann" , "Vesle måltrast" og "Alle fuglar små".

Når toget var tilbake på skuleplassen,song alle "Ja, vi elskar dette landet" saman med skulekorpset.

 


Strandaveret