Arbeid med leire i KuHa - timane.
I timane med Kunst - og handverksfag har det nyleg vorte jobba med leire i 6.klasse på Ringstad skule.
I leire kan ein arbeide i mange ulike teknikkar, og denne gongen var det pølsemetoden som vart nytta. Ein rullar passelege pølser av leire, og legg desse lagvis samstundes som ein lagar riper eller hakk i litt fukta festeflater. Så glattar ein over, og kan om ønskjeleg ripe inn mønster til dekor. Deretter er det å glasere og brenne i om lag 800 - 1000 grader i keramikkomnen. På biletet kan vi sjå det flotte , ferdige resultatet med nydeleg skåler, som sikkert kan nyttast til både godteri og frukt, eller kanskje kan dei staseleg skålene berre få stå til pynt.
Skrive/endra av
Bjørn Helge.