Godt planta på skinn av sel, reinsdyr, sau og geit samlar vi oss rundt tidslina. Her fekk vi visualisert kor lang den forhistoriske tida er, og kor kort den historiske tida er. Nærkontakt med gjenstandar frå steinalder til jarnalder saman med aktivitetsbasert formidling og forteljing, gav ei oppleving av ei fjern og spennande fortid.