Fin førjulstid på Ringstad skule.

Fin førjulstid på Ringstad skule.
Det er førjulsstemning på alle klasserom i desse tider.
Nokre av klassane øver på programinnslag til julegudstenesta, der det skal tennast lys, og vers skal lesast og syngast. På skulekjøkkenet har dei yngste elevane baka lussekattar, og elevrådet hadde eit flott tiltak der dei baka og selde julemannar til inntekt for Lola Day Care - senteret på Filippinene. Elles er det mykje formingsaktivitetar i klassane, og borna på skulefritidsordninga har også laga mykje fint som skal sendast med heim til jul. På vår vandring rundt om i skulebygget kom vi over desse flotte englane, som elevar i første klasse hadde laga, og det tonar ut julesongar frå glade skuleborn i alle klasserom.

Strandaveret