Ringstad skule med på Tinestafetten.

Ringstad skule med på Tinestafetten.
Tradisjonen tru så er Ringstad skule også dette året med på Tinestafetten.

Alle elevane på skulen er med på å springe stafett, og etappane er i utgangspunktet på 200 meter, men nokre vel å dele opp etappane i fleire mindre etappar. Klasse 6A sigra i heatet sitt, men hadde lenge hard konkurranse frå Ullavika skule i Sykkylven. Det var også kjekt at NRK fjernsynet var til stades med reporter for å lage innslag til Distriktssendinga. I alle fall var det flott innsats frå elevane si side, og dei viste stort engasjement i ein sunn idrett. Elevane hadde alle saman fått fine t-skjorter frå Tine, i fine fargar og tilsynelatande i god kvalitet, og desse pynta fint opp på stadion. Kjekt var det at Per Tronsen også denne gongen stilte på som speaker, og skapte stemning med musikk og prat. Takkar for eit flott arrangement !

 

 

 


Strandaveret