Trim med hoppetau på Ringstad skule.
Våren er tid for uteleik og varierte aktivitetar på skuleplassen.
Mellom anna er elevane ivrige med å bruke hoppetau, og kvart år om våren arrangerer også Nasjonalforeininga for folkehelse ein hoppetaukonkurranse med namnet "Hopp for hjartet". Det vert hoppa enkeltvis eller mange saman med bruk av slengtauet. Det er imponerande å sjå elevane som leikande lett hoppar over tauet, medan dei spring fortløpande i åttetal rundt dei som sveivar. Årets rekord så langt har 5.klasse med 1283 hopp utan stopp.
Dette er trim og trivsel !
Skrive/endra av
Bjørn Helge.