Oppgåva for elevane var å designe form til tresleiv/ause ut i frå kva sleiva skulle brukast til. Så skulle dei lage dekor som passa til forma.
Elevane har laga arbeidsteikning i storleik 1:1, med lengdesnitt, tverrsnitt, fram og bakside av sleiva, i tillegg til ulike forslag til dekor.
Sleivene på biletet er laga av(frå venstre) Ola, Marthe, Rebecca, Solveig, Martyna, Evelina, Sofie, Hanna og Jacob.