Lærarpermen 11
STRANDA UNGDOMSSKULE
FELLES PRAKSIS FOR UNDERVEGSVURDERING:
Fire prinsipp for god undervegsvurdering:
Elevar lærer best når:
1. Dei forstår kva dei skal lære og kva som er forventa av dei
2. Dei får tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet/prestasjonen
3. Dei får råd om korleis dei kan forbetre seg
4. Dei er involvert i eige læringsarbeid/vurderer eige arbeid og utvikling
Føremålet med undervegsvurderinga er å fremje læring, utvikle elevens kompetanse og gi grunnlag for å tilpasse opplæringa til den enkelte eleven. Undervegsvurderinga skal gi eleven rettleiing om korleis han /ho kan bli betre i faget. Undervegsvurderinga skal også nyttast til å halde dei føresette godt informert – både om elevens faglege og sosiale utvikling.
Ved Stranda ungdomsskule vil undervegsvurderinga verte gitt slik:
1. Munnlege undervegsvurderingar frå faglærar til elev.
Den daglege kommunikasjonen mellom lærar og elev i klasserommet vil vere den viktigaste delen av undervegsvurderinga.
2. Skriftlege vurderingar/rettleiingar på innleveringar, prøver, framføringar m.m
Som hovudregel skal minst to vurderte arbeid i kvart fag sendast heim for underskrift kvart halvår. Unntak kan gjerast for små fag - eller fag som er periodiserte. Føremålet med dette er at både elev og føresette skal vere godt informerte om elevens kompetanse i faget, og dei føresette kan trekkast med i læringsarbeidet til eleven.
3. Elevens eigenvurdering
Elevane skal bli trekte med i arbeidet med å utforme vurderingskriterier i faga. Dei skal også jamleg verte utfordra til å vurdere eige arbeid og læring.
4. Elevsamtale – minst to gonger i året skal eleven ha ein samtale med kontaktlærar, sjå pkt 5.
Utover det som vert nemnt i pkt 5, kan kontaktlærar gjerne ha fleire samtalar med enkelteleven.
5) Kontaktmøte med elev og føresette– minst to gonger i året
Denne samtalen er det kontaktlærar som gjennomfører. Nokre faste moment skal vere med i ein slik samtale: utvikling i faga, dialog om anna utvikling, mobbing m.m.
Før kontaktmøta skriv alle faglærarane ei vurdering av fagleg meistring og tips til vidare arbeid med faget. Det vert brukt eit felles skjema som ligg på fellesområdet. Vurderingane skal sendast heim og danne utgangspunkt for kontaktmøtet*) * *)
6. Halvårsvurdering med karakter medio januar og til sommarferien.
Karakterutskrift vert sendt heim med elevane. Grunngjevingar til karakterane vert berre gitt munnleg.
Stranda august 2015.
*)Kontaktlærar, saman med faglærarane, vurderer om denne undervegsvurderinga for einskildelevar (særleg elevar som har spes.u) skal gjevast på ein annan måte
**)Dersom det er meir føremålstenleg, kan ein faglærar på skjemaet vise til annan skriftleg vurdering i faget som nettopp er blitt/ eller snart vil bli sendt