Aktivitetsdag
Torsdag 11. juni hadde vi aktivitetsdag for heile skulen. Litt surt vèr var det nok, men ingen sure miner for det! Elevane vart delt i grupper på tvers av klassene og fekk prøve ulike oppgåver der samarbeidsevna var viktigast. Vi Hadde også ei rundløype i sentrum med ulike postar. I pausa vart det servert nygrilla pølser til heile gjengen. Dagen vart avslutta med volleyballkamp mellom 10. klasse og lærarane. Gjett kven som vann?
Skrive/endra av
Grete.