Laga lastebilar på sløyden.
I vinter har elevane i 5.klasse laga lastebilar på sløyden, og no tek dei endeleg til å verte ferdige.
Først var det å finne emne til understell, og deretter var det å bore hol og skru fast styrehuset. Så måtte alt fint pussast. Deretter var det å montere karmane på lastekassa, og der måtte elevane forbore, slik at karmane ikkje revna ut når ein skulle feste dei med spikar. Til slutt var det å måle lastebilane fint, så montere messingspikar til lys og krok til hengarfeste, og heilt til slutt var det å vere nøyaktig når ein skulle skru på hjula. Etter målingsdekoren ser det ut til at lastebilane skal få køyeoppdrag både hos Opshaug og i pizzatransporten, og det såg ut til at elevane var godt fornøgde med lastebilane.