Elevane prøver smakssansane sine.

Elevane prøver smakssansane sine.
Mat og helse er eit praktisk fag i sjette klasse, og elevane får lære mykje dette skuleåret om praktisk matstell.
Nyleg fekk elevane også prøve ut smakssansane sine, då dei skulle lære meir om surt, søtt, bittert og salt , og det vart ei ny oppleving for mange.På nokre av smaksprøvene skullle elevane late att augo, og dei skulle halde seg for nasen. Såleis fekk dei erfare at smaken vert påverka av mangt, også synet og lukta.
Mykje interessant å få lære i " mat og helse " - faget.