7A lagar fine spel.
Ivrige elevar i klasse 7A legg siste hand på verket, og er såleis snart ferdige med dei fine spela sine.
Ein smart ide vert til slutt eit flott spel. Halvparten av eit trestykkje vert delt i to, der overdelen seinare vert montert tilbake som lok. Nederste gjenpart på trestykkjet vert så uthola, og det skal verte rom for spelebrikker.
Oversida av den heile enden av trestykkjet vert spelebrettet, og her vert svitt inn eit rutemønster, slik at at ein kan spele bondesjakk. Ein god ide, og ein fin ting å kunnne få lage i KuHa-timane. Spelea var fint pussa og olja, og det såg ut som elevane hadde gitt seg god tid for å kunne få til fine spel.