Bygdavegen 7
Postboks 108
6200 Stranda
Tlf.70268500
ringstad.skule@stranda.kommune.no

Knivmakarar i femte klasse.

Knivmakarar i femte klasse.
Elevane i femte klasse har no teke til med KuHa-faget, og første oppgåva på sløyden er å lage ein brevkniv.
Elevane skal fritt designe og forme sin eigen brevkniv. Først er det å teikne eit utkast og lage framlegg til utforming av kniven, og det skal  vere eit visst forhold mellom storleiken på skaftet og  storleiken på bladet.Så skal det klippast ut ein mal i papir, og så skal denne overførast til emnet av fure. Så er det å sage ut det som skal verte brevkniv,og elevane held fram med spikking, filing og pussing til kniven tek form og bladet vert så kvast at det kan skjere papir. Til slutt skal namn og årstal sviast inn og kniven oljast, og denne gongen fekk knivane også hol for feste av skinnreim. Såleis har elevane laga sin eigen brevkniv, og kan vel på eit vis kalle seg for " knivmakarar".