Fint arbeid i KuHa-timane.
Nyleg var serveringsbretta til ei av gruppene i klasse 5A ferdige. Og dei vart svært fine.
Serveringsbretta er laga av kryssfiner som skulen ein gong fekk eit stort parti gratis av. Denne materialen har vore nytta til svært mykje fint dei siste åra.
No har altså femteklasse fått laga fine serveringsbrett. Fint pussa og deretter er mønster ordna til med svipenn, og så er alt saman olja.
Greitt å servere mat på noko slikt.