Bygdavegen 7
Postboks 108
6200 Stranda
Tlf.70268500
ringstad.skule@stranda.kommune.no

Seljefløyte på sløyden.

Seljefløyte på sløyden.
Kvar vår når sevja går opp i trea, er det mange som vil prøve å lage seg ei seljefløyte.
Nyleg var Harald Lied på besøk hos sjette-klasse for å hjelpe dei med å lage sejefløyte.Seljefløyte må lagast av ei bein grein utan kvist.Så er det å kappe emnet i passeleg lengde, og deretter spikke til munnstykket og lage hol for luftrommet i fløyta. Etterpå må det bankast på fløyte-emnet forsiktig med skaftet på kniven til borken slepper. Deretter er det å spikke ut det innvendige holrommet, og så spikke litt plass for lufta som du skal blåse inn i fløyta. Har du gjort alt rett, så skal du no få lyd i fløyta di ! Og snart var det eit heilt orkester av vårlege lydar frå dei mange seljefløytene.