Unge kokkar med nye kjøkkenforkle.
Elevane i sjette klasse har lage seg staselege kjøkkenforkle i Kunst- og handverkstimane på tekstilen.
Og nyleg stilte alle i sine fine forkle til time i "Mat og helse" på skulekjøkkenet. Der laga dei denne dagen fiskebollar i kvit saus med raspa gulrot attåt. Sundt og godt. Dei laga også poteter som var skorne i båtar og steikte i form, og til dessert var det epler med valnøtt - kjerner. Det såg ut som dei unge kokkane kosa seg på kjøkkenet.