Juletre vart tvorer.
I gamle dagar , før ein hadde vispar av metall og plast, kunne ein lage vispar av tre, som ein kalla tvorer.
No har elevane i klasse 4B fått vore med på å lage sine eigne tvorer. Eit gammalt juletre er fint å bruke, for på grana sit greinene i ein fin krans rundt stamma.Elevane får kutta seg eit fint emne , det er litt av stamma , og nederst sit greinene i ring rundt. Dette var vispen, ei tvore, som vart rulla fort rundt mellom handflatene, og slik kunne ein røre eller vispe rundt i havregrauten.Etter at elevane har fått passelege emner, så er det å spikke av nåler og bork slik at alt vert trekvitt, og deretter bør det pussast litt, før ein har ferdige tvorer.