
Her er tre av bloggane fra introdagen
Mandag 29.10.12
Temaet på årets Kvitebjørnprosjekt er ''Lesevaner og statistikk''. Eg synest at dette høyrest heilt greitt ut. Forhåpningane er ikkje kjempestore, men eg håpar at det kan bli kjekkare enn forventa. Vi starta timen i dag med å lese ei novelle av Rasmus Løland. Novella heiter ''Vårblomsten''. Eg tykte at denne novella var langvarig og litt keisam. Det var litt for lite action etter min smak. Eg trur at denne novella hadde passa betre for yngre born og kanskje litt eldre folk som kan kjenne seg att i forteljinga. Etterpå vart vi delte inn i grupper på fire og tre. I gruppene diskuterte vi teksten. Alle på gruppa var einige om at denne teksten ikkje passa heilt for oss. Vi starta også med å finne på nokre spørsmål som vi kunne stille på eit intervju seinare i prosessen. Dette var ikkje så veldig vanskeleg, men vi kom ikkje på alt for mange spørsmål. Til slutt samla vi alle gruppene og hadde ei oppsummering over kva vi hadde funne på. Gruppene kom med spørsmål som: Kva får deg til å velje ei bok? Les du ofte? Eg tykjer dette var ein bra start på prosjektet.
Kristin
I dag starta vi Kvitebjørnen med å få litt informasjon om årets prosjekt som går ut på lesevanar og statistikk. Deretter las vi Rasmus Løland si forteljing Vårblomsten. Eg syntes det var vanskeleg å få med seg heile innhaldet av forteljinga, og eg syntes det var litt kjedeleg. Så gjekk vi i gang med sjølve arbeidet.
Vi vart delt inn i grupper der vi skulle finne spørsmål om lesevanar frå teksten. I starten var det litt vanskeleg å kome i gang sidan ingen var særleg motiverte til å lese teksten ein gong til, men når vi først kom i gong kom vi fram til fleire bra spørsmål som vi kan bruke i spørjeundersøkinga som vi skal lage seinare.
Forventingane mine til prosjektet er ikkje så veldig store på grunn av at eg synest temaet ikkje virkar så interessant, men samtidig håper eg at vi klarer å få dette prosjektet morosamt og lærerikt.
Irene
I dag starta vi opp Kvitebjørnprosjektet med å ha tre timar. I første timen fekk vi informasjon om kva vi skulle gjere i år. Med det første tenkte eg at det kom til å bli veldig kjedeleg. Å lage spørjeundersøking er vel ikkje heilt min ting. Fekk vel skrekken då vi hadde eit prosjekt om å lage spørjeundersøking for to år sida, i eit anna fag. I den andre timen, fekk vi lest opp teksten, Vårblomsten. Det var vel forsåvidt ein av dei kjedelegaste tekstane eg har lest på lenge. Forstod ikkje meininga med denne teksten.
I tredje timen med Kvitebjørn denne dagen, gjekk vi saman i grupper. Ei gruppe eg vart veldig fornøgd med, foresten. Då skulle vi lese teksten oppatt for å få med kvar ein detalj og ha ei idemyldring for å komme fram til forskjellige spørsmål. Gruppa mi var kreativ, og fann mange gode spørsmål. Etter kvart som vi arbeidde litt med desse spørsmåla, innsåg eg at det kanskje ikkje blir så kjedeleg allikavel.
Ola Tobias