Endeleg kom den første snøen.
Elevane har venta lenge på den første snøen, og sjølv om dei vaksne er glade for å sleppe all snømokinga, så var elevane smilande blide for endeleg å kunne leike seg i snøen.
I ei våt og regnfull førjulstid, er det ikkje alltid like lett å finne på gode og trivelege aktivitetar i friminutta, men med snøen kunne endeleg elevane få bygge snømann. På ein fredeleg plass bak Ringstad skule, kom vi over ei heil snømannfamilie som elevane i klasse 5C hadde laga. Borna syner både fantasi og skaparevne når dei får forme i snø, og dei var stolte og godt fornøgde med resultatet. Snømannfamilen hadde også vorte utstyrt med litt klede og endåtil brille, og det er tydeleg at elevane stortrivst når dei kan ha det moro med snø.