Fin oppleving med folkemusikkverkstad.
Nyleg hadde Ringstad skule besøk av kultursekktilbod i samarbeid med Rikskonsertane.
Denne gongen var utgangspunktet ein folkemusikkverkstad for sjetteklassingane ved Ringstad skule saman med elevar i 5.-7.klasse frå Liabygda. Elevane fekk oppleve både folkemusikkinstrument, folkesong og folkedans, først gjennom instruksjon og eigenaktivitet på skulen, og etterpå var elevane med på framføring og konsert på Storfjord kultuhus for alle elevane på skulen. På scena fekk elevane mellom anna danse polka og også prøve seg på hallingkast der dei skulle sparke ned hua som hang på stonga.
Ei flott framsyning med dugande aktørar og flinke elevar.