Vakre vevar.
Nyleg var det utstilling av fine vevar på Ringstad skule, og vevane var det elevane i klasse 3B som hadde laga.
Vevane vart laga på Y-forma greiner der det vart oppspent garntrådar som vi kallar renning. Og så var det å tre dei ulike farga trådane over og under renningstrådane, slik at ein til slutt fekk som eit lite teppe , ein vev, med mange fine fargar. Til slutt vart alle dei fine vevane samla til ei flott utstilling.