God , gammaldags mjølause.
Ei av oppgåvene i KuHa-faget for sjette klasse dette skuleåret, er å gje form til ei tradisjonell mjølause.
I ei moderne tid der mykje er laga av plast, er det fint for elevane å kunne få vere med på å lage ei god, gammaldags mjølause i tre, som vart nytta til å ause opp mjøl frå boksen når noko skulle bakast. Mjølausa vert laga av bjørk, og det er eit hardt og sterkt treslag, som krev arbeidsinnsats og tolmodigheit når elevane skal forme treet med rasp, fil og pussepapir. Når mjølausa endeleg har fått si form, og er glatt og fin, så skal ho til slutt dekorerast med svipenn, og deretter vert overflata olja, og ei skinnreim vert festa til handtaket , slik at mjølausa kan hengast til pynt på veggen, eller kanskje verte brukt til å ause opp mjøl med når det skal bakast.