SUNNYLVEN SKULE
6218 Hellesylt
Adm.
46 41 11 23

46 41 11 24 (rektor)
46 14 11 29 
Lærar. 464 11 125

464 11 126

SFO.

464 11 128

E-post:

sunnylven.skule


 

 

Grunnskuleveka 2011

Grunnskuleveka 2011
Tysdag 1.november markerte elevane ved Sunnylven skule avslutninga av grunnskuleveka.
Mellomsteget ville finne ut meir om naturressursar i Sunnylven, noko det med stor entusiasme vart jobba med i vel ei veke. Elevane vart delt inn i grupper etter interesse og valde oppgåver som jakt og fiske, sanking, energiproduksjon, drikkevatn, gruvedrift/masseuttak, seterdrift og turisme. Intervju av ressurspersonar, besøk på ulike anlegg, bøker og internett vart nytta for å finne informasjon. Resultata vart presentert som veggaviser og som impress på data.


Anders har funne ut kvar drikkevatnet på Hellesylt kjem frå.

Gina ved ein gammal brønn inne i Jogarden.

Hanna og Vanja vil finne ut meir om turisme.

På Øvsthaugen fekk elevane vite meir om sanking. Her får Olene og Birgitte smake på ulike typar bær i form av saft og syltety. Det smakte nydeleg saman med nysteikte vaflar.



Frå scena presenterte elevane litt frå kvar gruppe gjennom song, samtale eller dramatisering

Stian og Nikolaj i ivrig jaktprat.

Hege, Madelen, Julie og Andrea har laga ein setresong som dei framførte for publikum.

Olene, Emilie, Birgitte, Renate og Ingeborg avslutta med ein lokal variant av blåbærvisa.