Veketest i Ousskogen.
Vanlegvis går vektesten føre seg på klasserommet, men nyleg hadde femte klasse vekestest i Ousskogen.
Gjennom veketesten skal elevane prøvast i fleire fag og emne, og då får dei høve til å vise kva dei har lært gjennom veka. Denne gongen var veketesten lagt ut som forskjellige postar plassert rundt om i Ousskogen. Her fekk elevane prøve seg på oppgåver med mål og vekt frå matematikkfaget, og andre spørsmål var mellom anna henta frå plante- og dyrelivet og naturfaget. Elevane arbeidde denne gongen i grupper, og det såg ut til at dei likte det godt. Ved å arbeide i grupper, vart det også høve til felles refleksjon og drøfting over faglege tema, og elevane fekk lære å samarbeide, til felles beste for gruppa.