Wok i vårsola !
Heimkunnskapsfaget eller mat og helse som det no heiter, er eit fag som elevane set stor pris, særleg når matlaginga går føre seg utandørs.
Nyleg var klasse 6A på uteområdet til skulen i mat og helse- timane, og på programmet stod wok. I panna surra pølsebitar og sunne grønsaker glinsande i olivenolje, og det brann godt oppunder panna i den tørre veden som dei hadde fyrt opp med. Elevane skein om kapp med vårsola, og den woka maten fall tydlegvis i smak hos elevane.