Påskemåltid for 3.klasse.

Påskemåltid for 3.klasse.
For mange av klassane ved  Ringstad skule har det vore ein tradisjon å avslutte til påske med eit felles måltid.
Og fredag siste skuledagen før påskeferien tok til , var alle i 3.klasse samla i gangen utanfor klasseromma til eit felles påskemåltid.  Då vi kom på besøk, var det munter og god stemning rundt langbordet ,  og det var tydeleg at maten fall i smak. Bordet var fint dekka og pynta med levande lys, og der var eggerøre, ferske bollar og nysteikte vaflar. Eit triveleg tiltak, og vi ønskjer alle God Påske !