Bakedag er bra !

Bakedag er bra !
Nyleg var det bakedag på kjøkkenet for klasse 6A.
Det var glede og trivsel å oppleve då vi kika innom kjøkkenet nyleg, og det var klasse 6A som var i full gang med baking. Alle omnar vart utnytta, og det var stor variasjon i slag og sortar. Vi såg herleg loff, horn og skulebollar, det meste laga av fint mjøl, men det var også sagt at ein skulle prøve å bake noko grovt, og det skal visstnok vere det sunnaste.
Kjekt å sjå at det fine kjøkkenet på skulen vert godt utnytta, og dei bilde elevane set tydlegvis stor pris på undervisning i kjøkkenstell, eller "Mat og helse" som det heiter no.