Etter mykje filing og pussing vart det endeleg mjølauser...
For mange kan arbeidet på sløyden vere eit tolmodigheitsarbeid, men så kan vi heldigvis undervegs trøyste oss med at iherdig innsats gir resultat.
I haust har elvane i sjette klasse så langt arbeidd med å forme ei mjølause i tradisjonell stil. Først vart det arbeid med holjarn, og deretter var det arbeid med rasp og fil og så hardt arbeid med grovt og fint pussepapir. Heilt til slutt var det innsviing av tekst og mønster før mjølausa kunne overflatebehandlast med olivenolje og få seg ei skinnreim for mulegheiter for oppheng på vegg.
Det er alltid kjekt å kunne oppleve meistringsglede hos elevane når dei endeleg kan ta dei ferdige tinga i augnesyn.