Bjørnsund leirskule

Bjørnsund leirskule
Vi reiste til Bjørnsund mandag 28. april. Slik var turen...

28 April 2008: Vi stod opp tidlegare den dagen. Vi skulle nemleg på leirskule. Vi for ned på skulen kl.07.45. Det var mange som var nervøse om korleis det skulle bli uten TV, film, play station og anna elektriske ting. Vi sat oss i bilen og køyrde mot Sjøholt. På veg mot Sjøholt hadde vi det gøy. Når vi kom dit skulle vi køyre med buss. Det var to andre skular på bussen, Sjøholt og Skarbø. Sjølvsagt klarte vi å sette oss bake der alle dei pervo gutane frå skulane sat. Eg, Gard, Yeneni, Odd og Vetle sat å spelte kort heile turen fram til Bud der vi skulle gå av. Eg og Odd tapte heile tida. Når vi kom fram til Bud fekk vi gå på ein kiosk. Vi måtte gå inn 5 og 5.

Så kom båten ''Øybjørn'' og henta oss. Det var små steg i trappene på båten, så når eg skulle gå ned datt eg i trappa sånn så alle skratt flirte, flaut. I båten spydde ei jente som sat med bordet bak oss. Et ca. 5 min var vi framme. Når skulle gå av båten måtte vi ta med oss den bagasjen vi såg først. Når vi kom på land måtte vi finne vår eigen bagasje. Så følgte vi etter ein av lærarane som var der som heite Marte. Ho viste oss vegen til huset vi skulle bu i. Etter at vi hadde bestemt kven som skulle ha kva rom, gjekk vi bort på skulen og åt lunsj. Etter lunsj skulle vi ha time. Då gjekk vi rundt på øya og fekk høre nokon historier. Så gjekk vi ned til kaia og rodde. Etterpå var det middag. Resten av dagen fekk vi velge kva vi villle gjere selv.

29 april 2008: Vi stod opp tidlig åt frukost og gjekk ned til kaia. Vi skulle på fisketur. Det var delt inn i grupper. Eg var på gruppe med Gard og to fra ein annan skule. Dei ville ikkje fiske, men vi var den gruppa som fekk mest fisk uansett. Eg fekk ein stor torsk, ein liten og ein stor sei. Gard fekk en liten sei, men det var ikkje heilt han sin da. Ein mann fanga den til han, så drog Gard den berre på land/båten. Vi for tilbake på kaja. Det skulle vi ro. Etter det var det lunsj. Etter lunsj skulle vi lære litt om fiske og sånne ting. Det var kjeempe gøy! Etterpå for vi og satte ut garn og teiner og så gjekk vi på tur til søndre Bjørnsund. Der spelte vi fotball, jentene mot guttane. Jentene vant sølvsagt.

30 april 2008: Vi stod opp til vanleg tid for å ete. Vi skulle til Bud. Der skulle vi fare til eit festningsanlegg frå krigen. Vi fekk vite litt av kvart der. Etterpå gjekk vi til Bud sentrum der det var eit kjempestort kjøpesenter som vi kunne kjøpe alt vi ville. Vi kjøpte godteri. Så for vi tilbake. Etter lunsj tok vi opp garn og teiner. Og når vi for på land datt Astrid uti havet.

Så skar vi opp fisken og heiv den ut i sjøen. På kvelden skulle vi ned på kaia og smake på krabbe, noko som eg angra på at eg gjorde, for det smaka dritt. Så for vi tilbake til huset og held på med nøtt eller sannhet.

1. mai 2008: I dag var det første mai så vi skulle ta det litt med ro. Vi for til Hammarøya på fjæreekskursjon. Vi for i grupper som vi kunne bestemme sjølv. Gruppa var var, Ingrid, Yalini, Alexandra og Kjellrun. Så skulle vi fare rundt i fjøra og leite etter sjødyr. Mattis, en av lærarane skulle hjelpe vår gruppe litt, så fant han ei krabbe å prøvde å kaste den til meg, nokke som eg ikkje syns var så gøy. Etterpå måtte en gutt som heite Matias ta den opp igjen til oss. Vi gjekk mot et stort berg. Bak der var det mange steinar og når vi skulle løfte den eine var det ei krabbe med skall på ca. 5-10 cm. Det var ei mini krabbe der også med skall på ca. 5 mm. Gutane tok den store og eg skulle eigentleg ta den lille, men eg tørte ikkje å ta den:? Etterpå skulle vi finne ut kva det vi hadde funne heitte. Så for vi tilbake til huset. Vi måtte rydde extra dnne dagen, fordi vi skulle heim dagen etter.

2. mai 2008: Vi skulle fare denne dagen, så då var det berre pakking og rydding vi måtte gjere da. Det var jo kjempe gøy. NOT. Etter vi hadde pakka måtte vi fare ned til kaia. Det stod båten allerede og dei andre skulane hadde allerede komt inn i båten. Når Vetle skulle gå ombord i båten mista han jakka si ned på sjøen, så Marte måtte ta ein stav for å få den oppatt.

Så køyrde båten, så var vi framme, så køyrde bussen, så var vi framme, så køyrde ferga, så var vi framme, så køyrde bussen så var vi framme, så køyrde bilen , så var vi heime...