Vi reiste måndag den 28.April. kl:07.30. og kom heim den 02.mai.
MANDAG då vi reiste: Vi for kl:07.30 og vi vart kjørt av nokon foreldre til Sjøholt og der tok vi buss at med Sjøholt og Skarbø skule. Og så tok vi buss frå Vestnes til Molde. Då vi kom eit stykke vidare så kom vi til Bud og så tok vi båt til N-Bjørnsund. Når vi kom til N-Bjørnsund så gjekk vi opp til husa våre og pakka ut og gjorde klart sengene til kvelden. Og so gjekk vi til eit samlingsrom der snakka om kva vi skulle gjer denne dagen. Så gjekk vi ned og til kaia, der fekk vi utdelt eit hefte. Etter ein lang dag så gjekk vi opp og åt mat kl:18.00.
TIRSDAG satte vi ut teine og garn den første økta. Så etter det så rodde vi til S-Bjørnsund der vi gjekk ein runde rundt på øya. Vi kom fram til ei fotballbarne der vi begynte og spele fotball. Det var jentene mot gutane og jenetene vant. Då vi var ferdig med å spele gjekk vi tilbake i båtane og for til N-Bjørnsund . Då vi kom opp på brygga så var klokka allereie 6 og vi måtte skynde oss til lunsj. Etter det så for vi på rebuss og alle fekk ein post der vi skulle begynne. Etter middag så var ein kiosk open og dit gjekk dei fleste.
ONSDAG: Etter frukost gjekk vi til husa og gjore oss klare til dagens program. Vi skulle sjekke garna og teinene vi sette ut dagen før. Vi rodde bort til garna og teinane våre tok dei opp og rodde til land. Der så bretta vi ut garna og så tok vi ut fisk og krabbar og etter det så for vi opp til klasserommet og skreiv inn namn på fiskane .
TORSDAG: Så gjekk vi ned til skulen og åt frukost. Så skulle vi gjere oss klar til og fare til bud, der fekk vi fare på ein butikk. Men først måtte vi bli med Marte inn til eit hus som blei byggd under 2. verdenskrig. Der fekk vi høyre mange historier og så fekk vi gå litt rundt og sjå oss omkring. Etter det gjekk vi ned til ein butikk der fekk vi kjøpe det vi ville. Etter 20 min så måtte vi gå ned til brygga på Bud for då gjekk båten heim.
FREDAG var den dagen vi måtte fare der ifrå. Vi pakka og så åt vi frukost og vaska ut husa. Alle måtte ta ut sekkane etter dei var ferdig og pakke. Etter 1 timestid så for vi ned til brygga, og der venta vi på ein båt som vi skulle vi fare heim med. Då vi kom til Sjøholt så tok vi farvel med alle vennane våre, før vi kjørte heim til Liabygda.