Bjørnsund

Bjørnsund
Mandag 28. april stod vi opp tidleg. Vi skulle til Bjørnsund. Vi skulle køyre til Sjøholt, der vi skulle sitte på med buss ilag med Sjøholt og Skarbø skule.

Mandag morgon møtte vi på skulen 07.45. Vi skulle til Bjørnsund på leirskule. Alle var litt nervøse og spente på korleis turen blei. Då vi kom til Sjøholt vart spenninga borte med mange, men med nokon vart det berre verre. Slik vart det med meg. Eg var kvalm så og seie heile bussturen. Men då vi kom inn i båten som vi skulle ta oss til Bjørnsund blei alt betre.

Då vi kom fram var klokka litt over 11. Vi gjekk til husa vi skulle bu i og pakka ut. Etter det gjekk alle og åt lunsj. Etter lunsjen var det tur rundt på øya for å bli kjent. Når turen var feridig var det sjøvettsreglar, praktisk båtbruk og knutar som stod for tur.

Tirsdag : Tirsdagen vart vi delt inn i to grupper. Den eine gruppa skulle sette garn og teiner og ro til søndre Bjørnsund. Medan den andre gruppa skulle på fisketur med "Søregg" og ha roorienteringar. Snart vart det lunsj og tid for å ete. Etter lunsj var det bytte. Vi fekk to torsk på 3 kg, ein sei på 2 kg og 7 småsei.

Onsdag : Etter lunsjen drog vi opp teinene vi hadde sett ut tirsdagen. Det var same gruppene som hadde rodd til søndre Bjørnsund som skulle dra opp teinene. Teina vår hadde tre krabbar i seg. Og då vi kom heim fekk vi beskjed om at vi skulle ete dei om kvelden. Etter teinene var klargjort og garna greidd, skulle vi lære torskens anatomi. Det var litt rart at torsken har mange titals blindtarmar.

Så var det middag i dag skulle vi ha stekt fisk og råkost. Til desert var det fruktsalat med krem. Etter middag var det bading, før vi skulle ete krabber. Krabbeklørne var store og saftige, men innsida av krabbeskalet var grønt og ikkje etandes. Grunnen til at det var grønt var at krabben nesten akkuratt hadde bytta skall.

Torsdag : Torsdag var vi på fjære-ekskusjon på Hammarøya. Vi fekk gå i frivillige grupper på 4-5 personar. Vi gutane frå Liabygda var ei gruppe. Vi fann ein strandkrabbe med eit skall på 10 cm i diameter, to eremittkrepsar, ein purpursnegle, ei tanglus og to strandsneglar. Etter lunsjen for alle bort på fyret. Der skulle vi få høre historier om Rokta forliset og sjå på jettegryter. Visste du at den største jettegryta i Noreg ligg i Helvete? Under 2. verdenskrig vart fyret på Bjørnsund tatt over av Tyskerane for å lede Engelske og Amerikanske skip på grunn. Torsdagen åt vi vår siste middag på Bjørnsund. Då var det noko heilt spesiellt, nemmeleg Bjørnsund suppa.

Fredag : I dag skulle vi reise. Det var mange som var litt lei seg for at dei ikkje skulle få sjå igjen mange av venene sine.