Intervju med Signy Lied

Intervju med Signy Lied
Signy Kristin Lied(45) jobbar som assistent på SFO og skulen på Liabygda skule.
Korleis hadde du det på skulen? Eg gjekk på kokk,seritør og hustell i to år i Åndalsnes. Var lærling i Ålesund som ein del av den skulen i Åndalsnes. Etter det,tilbake til skulen i Åndalsnes og tok eit fagbrev.Ho er utdanna servitør. Karakterane gjekk litt opp og ned, men på fagbrevet fekk ho 5. Og ho hadde det kjekt på skulen i Åndalsnes. Ho var 15 år da ho begynte på skulen i Åndalsnes og måtte flytte på hybel, og ho kunne berre besøke foreldra i helga. Kvifor ville du jobbe som SFO lærar? Ho fortalte at det var fordi ho i 15 år bodde i Oslo, så når ho flytta hit til Liabygda, kunne ho ikkje jobbe som servitør. Så begynte ho fyrst i barnehagen, så ho syns det var greit, men ho ville jobbe med litt større ungar. Så når Solbjørg slutta, søkte ho på den stillinga, og ho fekk den. Eg spør om ho trivast på jobben og kva dei gjer. Ja, ho syns det er kjempe kjekt,og ho trivast ilag med lærarane og elevane, å det er kort veg til skulen frå der ho bur. Dei helt på med leika både ute og inne, dei har leksetid og går turar. Hobbya og interesse. Ho likar å lese og reise, ellers har ho ikkje tid til så mykje anna. Og ho like også å holde på med blomster og hagearbeid. Og ho prøver å få tid til å besøke venanne sine. Andre jobbar. Når ho var sammen med Lars eigde ho ein eigen resturant sammen med han. Og ho har jobba som hovmester. Og har leda ein kantine på ein plass som heite regeringskvartalet når ho Gro Harlem Bruntland var statsminister. Og var sjef på ein resturant i Larvik som ikkje er så langt frå Drammen. Eg takkar Signy for at ho var så snill og stilte opp på dette intervjuet og ynskjer ho til lykke med fremtida.