intervju med Pål

intervju med Pål
Idag skal eg intervjue Pål Bjørn Øvrebust(41). Han er rektor og lærar på Liabygda skule. Pål starta å studere som ein lærar på lærarskulen i Volda. Han jobba litt på ein skule som 22 åring før han var ferdig utdanna.
Korleis var barndommen din? Barndommen min var veldig fin. Eg budde på ein gard i Stordal som heite Sjurgarden, der har eg og bygd meg hus. Som liten ville eg bli bonde eller snikkar for det var far min. Far min er i frå Stordal og mor mi frå Vestre. Som liten stod eg mykje på slalåm. Men då eg var så uheldig å falle, brakk eg beinet. Då bestemte eg meg for og aldri renne slalåm meir. Eg tok med slalåmskia på skulen og selde dei for 400 kr til ein kamerat, og det var utan at foreldra min visste det. Men dei syntest det var ein god handel. Skulen då han var liten: Som skulegut hadde eg respekt for lærarane. Men eg slost med medelevar av og til. Og eg blei aldri mobba. Karakterane mine var ikkje på det beste på barneskulen, men heller ikkje på det dårlegaste. På ungdomsskulen varierte karakterane, men dei var gode fortel han. Og på gymnaset var det middels karakterar. Trivsel: Eg trivst veldig godt på Liabygda skule, og det er sjeldan eg møter så kjekke elevar som her. Her er og fin natur seier han. Heime på garden trivst eg og godt, med kona og dei tre borna mine. Kvar har du jobba? Han røyser seg og går rundt i klasserommet, bort til vindauget. Så startar han å tenkje. Nei, først så var eg i militæret, der var det streng disiplin. Og så på landbruksskulen i Gjermundnes kvar eg jobba i seks år som lærar. Så fekk han tilbodet om å jobbe som rektor i heimbygda Stordal. Men då Charles Tøsse slutta å jobbe som rektor på Liabygda skule tok han sjansen og blei rektor her, det var i januar 2003. Hobby Ski er noko av det eg likar aller best. Det er så mykje trim og dess utan får eg gode naturopplevelsar. Eg brukar også tida mi på å følgje borna til aktivitetar. Har du planar for framtida? Ja, planane er å leve som eg gjer no og kanskje innreie kjellaren.