Denne dagen skulle vi til Storvassdalen.
Vi alle gledde oss til og komme opp til Storvassdalen.Til og med lærarane:)
Men det vi gledde oss mest til var å finne ut kva det var som gjømte seg der.
Vi møtte opp på skuleplassen som vanleg. Vi gjekk på klasserommet, der fekk vi innformasjon om kva som skulle skje på turen. Dei som ville kunne sykle til Ringset. Dei som var late kunne sitte på med lærarane.
Vi gjekk til Ansok. Der tok vi fremste ein pause og venta på dei andre. Der i frå gjekk vi til Klebergsetra. Der tok vi alle en pause. Dei som ville kunne ta litt mat. Vi gjekk vidare opp, vi tok litt pausa inn i mellom for og ta bilde. Dei som var raskast kom sjølvsagt opp først til Storvassdalen. Der tok vi oss mat, og dei som visste om det som gjømte seg der, begynte og sjå etter det.
Til slutt sa lærarane det vi all venta på. Dei fortalte det. Det var ein båt som hadde leie her i nesten hundre år, en liten leikebåt. Vi gjekk ein liten sti, der kom vi til ein stor stein. Vi gjekk nedanfor, der såg vi ein liten mur. Vi tok vekk nokon steinar frå muren. Og der låg den lille båten. Vi tok den ut så forsiktig som mulig. Alle fekk halde den gamle båten. Det var er ein kano også der, den veit vi ikkje kven som har laga. Etter på var det å pakke tinga vore. Dei som ville kunne gå litt lenger, og dei som ikkje ville det kunne gå ned den same vegen.
.