Gjermundnes 2008

Gjermundnes 2008
Alle i Liabygda speider var med på leir på Gjermundnes i sommar. Vi bada og kosa oss. Vi bygde eit matbord og så bygde vi eit velkomst tårn som det stod Liabygda på. Tårnet hadde to etasjer.

Liabygda speidar skulle på leir den 25. juni 2008. Da vi hadde kome fram og funne plassen vi skulle vere på, så måtte vi sette opp lavoane vi skulle sove i. Og etterpå bygde vi eit bord som vi spiste på. Vi bygde også eit tårn som det stod Liabygda på.

Og kvar kveld samla alle speiderene seg foran ei sene og så sang vi leirsangen og mangen andre sangar. Å byggje sene var ein av arbeidsopgavene på arbeidsleiren, som var før speider leiren. Vi dro på haik og. På haiken gjekk vi til ei  seter.

Det var fint ver så vi kunne velgje om vi ville sove under open himmel eller under ein presenning. Da vi kom tilbake gjekk vi ned til sjøen og bada. Vi spela fotball og kanonball på leiren og. Liabygda kom på første og tredje plass på kanonball.


Veret i Liabygda