Tjærelaging og spikking

Tjærelaging og spikking
Mandag den 26. mai fekk Liabygda skule besøk av ein mann som heiter Jørn Kjersem. Han skulle lære oss å lage tjære og spikke ulike ting.

Vi sykla til Langemyra, der han og skulle møte opp. Der blei vi delt inn i 5 grupper, med 6 på kvar gruppe. Først skulle vi lage tjære. Så forklarte han oss kva vi skulle gjere. Vi fekk utdelt utstyr som vi skulle bruke. Vi starta med å grave eit hol ned i bakken. Ned i det holet sat vi ein blikkboks. Vi fekk tildelt ein blikkboks til som vi fylte med spik. Vi sat den boksen opp ned på ei plate. Så hogg vi ved og sat rundt blikkboksen, og vi tente på bålet.

Vi tok ei matpause. Etter ei stund var båla brent ned. Vi gjekk rundt og såg på eit og eit bål. I kvar blikkboks låg det tjære, og spiken blei til kål som vi kunne teikne med. Etterpå fekk vi spele litt fotball.

Så hørte vi på han forklare oss kva vi skulle spikke og bruk av reidskapar. Først skulle vi spikke ein knagg og etter det fekk vi velje mellom andre forksjellige ting. Så var dagen slutt og vi fekk reise heim.

Jørn Kjersem

Vi hogde ved. Vi måtte lage bål til å varme opp spiken.

Vi lagar spik som vi stappa i boksen

Her er bålet ferdig med blikkboksen under.

Like før oppfyring.

 

Tid for å sjekke resultatet.

Her var det mykje god tjøre.

Spiken er utbrend.Det har blitt til kol som vi kan teikne med.

Denne leika har Rishi laga.

 

 

 

 

 

'

 

 


Veret i Liabygda