Bjørnsund leirskule

Bjørnsund leirskule
Frå 28. april til 2. mai var 6.-7. kl på leirskule på Bjørnsund.

Mandag:Vi starta fra skulen kl. 08.00 og var på Sjøholt kl. 08.30. Der skulle vi ta bussen ilag med elevar frå Sjøholt og Skarbø skule. Det var ein ganske lang tur, vi måtte ta ferga frå Vestnes-Molde og køyre vidare utover. Når vi kom fram tok vi ein båt som heite Øybjørn ut til Bjørsund. Då vi kom fram fekk vi tildelt husnøklar og fekk gå og sjå på huset. Så måtte vi gå og møte opp på opphaldsrommet på skulen, der fekk vi litt informsjon om korleis vi skal oppføre oss. Etterpå gjekk vi ned i matsalen og fekk lunsj. Da hadde vi to timar fri før vi skulle ut og lære og ro. Når vi skulle lære og ro gjekk det kjempebra, vi rodde ilag med to frå Sjøholt. 

Tysdag: Vi stod opp kl. 07.30, kledde på oss og gjekk for å spise frukost. Maten var ganske god. Så hadde vi ein time fri før vi skulle ut og sette garn og Krabbeteinar. Når vi hadde gjort det rodde vi over til søndre Bjørnsund, der hadde vi ein liten fotballkamp. Så var det på tide å ro tilbake. Når vi kom tilbake skulle vi ete lunsj, deretter hade vi 1 time fri før vi skulle stad og fiske på ein fiskebåt som heite Søregg. Det var kjempemorsomt. Vi fekk ganske mykje fisk, så var det inn igjen og ete middag. Etter middag spelte vi kort før vi gjekk og la oss.

Onsdag: Vi stod opp kledde på oss og gjekk for å ete frukost. Etter frukost skulle vi til Bud. Vi gjekk ned til kaia og der stod Øybjørn og venta. Vi gjekk ombord og satt oss ned og venta på å fare til Bud. Då vi var framme gjekk vi til eit festningsanlegg etter 2. verdenskrig og fekk omvisning. Etter det gjekk vi ned i sentrum og kjøpte godteri. Så var det tid for heimatt turen, når vi kom tilbake var det middag. I dag fekk vi fisk og råkost, etter middag for vi og rodde. Før leggjetid spelte vi kort.

Torsdag var vi i fjøra og såg på dyr og vi fekk omvisning på fyret. Middagen var kjempegod.

Fredag var det tid for heimreise. Vi ydda huset før vi måtte gå ned på brygga og ta fatt på heimvegen. Det var ein kjapp tur tilbake. Vi var framme på Sjøholt og der kom nokon av foreldra og henta oss.

 


Veret i Liabygda