Det såg ut til å bli ein vanleg skuledag på Liabygda skule. Men ein heilt vanleg morgon vart det ikkje...
Det var ein vanleg skuledag då vi kom på skulen og vi leika som vanlige. Då nokon skulle springe rundt ballbingen såg dei plutseleg eit rådyr som låg med blod rundt hovudet. Rådyret var angripe i halsen av ei rovdyr og vi kunne sjå heilt inn på nakkevirvalane til rådyret. Like ved såg vi spor etter ein kamp på liv og død!
Alle trudde det var ei Gaupe eller ein Rev! Men ingen veit sikkert kva som skjedde! Om du er ekspertar på dyrespor, så studer bileta under og gi melding til Liabygda skule om kva du trur som har skjedd.
Rådyret var angripe i nakken.
Her er avtrykk etter rovdyret som angreip og drepte rådyret.
Rådyret vart funne like ved ballbingen.