Tur til Stryn

Tur til Stryn
Vi på Liabygda skule var Fredag 27. mars i Stryn på Norgesmesterskap i skiskyting.

Tidleg på morgonen 27. mars for heile Skulen i Liabygda på tur til Stryn. Alle lærarane køyrde. 5.-7. klasse sat på med ein litt gamal 16 setar. Bussen hadde ikkje belter og vegen var ganske humpete. Ein av elevane hoppa samtidig som humpane fekk bussen til å hoppe. Han slo hovudet sitt i taket og var kvalm heile turen tilbake, men det er ei anna historie.

Då vi kom fram til Stryn måtte vi gå eit stykke før vi kom til standplass. Når vi kom fram hadde kvinnene allereie begynt. Solveig Rogstad leda lenge, men til slutt var det Tora Berger som tok førsteplassen. Julie Bonnevie-Svendsen tok andreplassen og Solveig Rogstad tredjeplassen.

Klokka 13.00 var det mennene som skulle ut og gå. Det var ny ledelse ganske ofte og til slutt tok Emil Hegle Svendsen førsteplassen.

 Her ser vi vinnaren under innskyting før start.

Og i fin stil på veg mot mål.

Ole Einar Bjørndalen kom på ein skuffande femteplass.

Kyllingmannen hadde forvilla seg til Stryn.


Veret i Liabygda