Tur til Stryn

Tur til Stryn
Fredag den 28/3 reiste Liabygda skule til Stryn på NM. Vi reiste frå skulen klokka halv ni og køyrde den ein og halv times lange turen fram.

Vi gjekk opp til stadion og Pål fant ein base til oss, der la vi frå oss sekkane. Så kunne vi begynne å spre oss, men vi måtte alltid gå to eller fleire i lag. Vi fekk gå på kiosk å kjøpe oss noko. Damene gjekk først. Det var spennande og sluttresultata blei Tora Berger på første, Julie Bonnevie Svendsen på andre og Solveig Rogstad på tredje. Det var ca ein og ein halv times pause mellom damene og mennene.

I mellomtida fekk vi sjå på rosesermonien til damene og kanskje kunne vi vere så heldig å få autograf eller nokon bilder av skiløparane. Vi såg og på mennene som varma opp.

Så var det Menn 10 km. Det var og spanande og sluttresultata der vart Emil Hegle Svendsen på første, Alexander Os på andre og Stian Eckhoff på tredje. Vi rakk ikkje å sjå rosesermonien til herrane, for vi måtte skunde oss så vi rakk ferja heim att.

Når vi kom tilbake til skulen var det berre å ta helg.


Veret i Liabygda